|
|
|
|
LAKSESAFARI I SULDALSLÅGEN |
Mo Laksegard, Suldal i Ryfylke har utvikla Laksesafari og er dei einaste i Noreg, og i verda for øvrig, som tilbyr denne aktiviteten. Dette føregår i den kjende lakseelva Suldalslågen.
(Kart). |
|
Det kan delta frå 6 - 30 personar . Kvar gruppe (maks 15) får to guidar med seg. |
Laksesafari startar med ein instruksjon (20 minutt). Dette for å sikre ei trygg gjennomføring. |
Deltakerande får kvar sin dress som dei prøver ut i sømmebassenget.
|
![]()
Alle skal kjenne seg trygge på utstyret før ein går i elva. |
For deg vert det ei personleg meistring. For gruppa ei fin lagbygging. |
Når alle er trygge på å flyte i drakta og puste i snorkel går turen til elva. Mo Laksegard ligg like ved Suldalslågen. |
Det er alltid to erfarne guidar med kvar gruppe, ein er med uti elva uti og ein padlar bak gruppa i kano. Dei to har oversikt over heile gruppa og vil raskt kunna yte hjelp om det er nødvendig. |
|
|
Så vassar du ut i straumen, legg deg ned og let deg driva nedover elva. |
|
|
Drakta isolerer og held deg varm. Sjølv om det berre er nokre få grader i elva vil du ikkje fryse. |
|
|
Djupna i elva varierer. Somme stader når du botn andre stader passerer du hølar som er ned til 13
m djupe. Suldalslågen har dei fleste dagar i året krystallklart vatn som gjer at du kan sjå heilt ned på botn i hølane. |
Vegetasjon og utforming av elva vekslar - du er som i ei eiga verd. Plutselig får du auge på ein fisk. Han står eit augneblink roleg, så pilar han i veg oppover elva. |
Krava for å bli med er at du er minst 14 år, symjedyktig og ikkje lid av epelipsi eller andre sjukdomar som vert framkalla av kulde eller stress. Drakt og utstyr får du hjå oss. Under drakta kan du om sommaren ha sportsstøy, om vinteren ull-undertøy. På det kaldaste får du ein ekstra teddyfora dress av Mo Laksegard. Ta med tøysskift, du må rekne med å bli litt våt. |
|
Mo Laksegard har to villmarksleirar som ligg i fine naturområder. |
Her kan me servere deg lunsj eller middag. Ute i det fri, eller inne i lavvoen. Største lavvoen tek 50 personar. |
Eller de kan velje å få maten servert på Mo Laksegard. |
Laksesafari
kan gjennomførast når det er minst 6 deltakerar med.
Pris kr. 765,- per person. På Mo Laksegard kan de bu i komfortable hytter og stelle dykk sjølv, eller få opphald med full hotellservice og alle måltider. |
|
|
|
Mo Laksegard, N-4230 Sand, Tlf. 52 79 76 90, Fax 52 79 73 03 |